onsdag 17. februar 2010

Redaktør utan rettar - enno!

Eg takkar gruppa mi for tilliten ved at de vil ha meg som redaktør for nettavisa vår. No har eg prøvd å få brukarnamn og passord til Pedit-sida til DKL-avisa, utan at eg har lukkast med det - enno. Har også spurt om Erling kan få vere medredaktør som gruppeleiar for A2.

Men då er vi allereie godt i gong med arbeidet sidan timeplanen ligg klar til utfylling og det er oppretta eit kladd-dokument der vi tømer ut tankane våre.

Synest det er trist at Magnar har slutta pga at studieadministrasjonen seier at han tek for mange studiepoeng... Skal ikkje vere så heilt enkelt alltid. Vi kjem til å sakne deg Magnar. Du får ha lukke til med torskefisket!!!

Så skypast vi i kveld klokka 18, og eg håper at eg då er ferdig med mitt andre politiske møte på rådhuset til det klokkeslettet. Viss ikkje så skulkar eg møtet vårt med stil, sidan eg gjer borgarplikta mi!!! Mvh Hjørdis

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar