søndag 28. mars 2010

Video med døden til følge





Fiksjon eller fakta


I denne tredje oppgåva på DKL-studiet skulle ein lage ein film. Ein kunne velje om ein ville lage fiksjonsfilm eller ein faktafilm i form av ein dokumentar. Gruppa hadde forslag framme til begge kategoriar, men landa på å lage ein fiksjonsfilm - som kan vere sann!

Prosessen


Gruppa har fått kjenne på kroppen at det å lage film tek tid. Først lagar ein ei prosjektskisse, der ein kjem fram til eit tema, vel målgruppe og landar på ei problemstilling. Sidan gruppa i starten hadde fleire idéar, brukte ein litt tid til å tenkje igjennom kva slags type film og kva slags tema ein ville arbeide med. Målgruppa for filmen "Valget" er unge vaksne først og fremst, men forhåpentlegvis kan filmen ha aktualitet for vaksne i alle aldrar.

Vidare skal det utarbeidast eit manus. Det bør helst vere så godt skrive at sceneovergongane og dialogane flyt fint. Og basert på manuset lagar ein storyboard der ein teiknar det som skal hende. I dreieboka skriv ein inn dialogar og kva slags utsnitt som skal vere i kvart opptak/klipp.

Når ein skal fortelje ei historie, er det lurt at det skjer ei utvikling. I filmen Valget er det hovudpersonen Anders som gjennom å snakke med seg sjølv i spegelen, gjennomgår ei endring. I vårt tilfelle vert difor det som vert kalla protagonist, hovudpersonen, samanfallande med antagonisten, skurken. (Jf Jacobsen, 2007, s 123). Om han også er helten, er vel opp til publikum å avgjere. Filmen har to personar i biroller og ein statist. Det er få personar med og ei fortetta handling.

I filmen sitt anslag er ein sjåfør inni ein bil. Innhaldet i filmen handlar dermed noko om bilkøyring. Gjennom flashbacks, korte tilbakeglimt, får publikum ta del i hovudpersonen si fatale bikøyring i fortid, medan handlinga i notid føregår mest på badet.
"Film og video virker retroaktivt, det vil si at en misforståelse godt kan bli rettet opp litt seinmere uten at programmet tar skade av det. Publikum er ikke så kritiske til om sammenhengene er logiske." (Jacobsen, 2007, s. 122)


Arbeidsfordelinga


Når det gjeld arbeidsfordelinga, har gruppa også denne gongen samarbeidd godt om alle arbeidsoppgåvene. Ein har prøvd å dele litt på arbeidsoppgåvene, slik at nokon har arbeidd meir med manus og storyboard, medan andre har brukt meir tid på dreiebok, opptaksplan, bildehandsaming, dokumentskriving og blogginnlegg.

Manusoppsettet


Manuset til filmen Valget inneheld nokre fleire scener enn sjølve filmen. Kvar scene inneheld info om kvar ein skal filme, kven som er med og kva som skal skje. Replikkar i form av monologar eller dialogar, vert tekne med. Det som ikkje skal takast med i eit manuskript, er kamaratilvisingar. Dei tek ein med i dreieboka. Vidare lagar ein eit storyboard med teikningar av kvart einskildklipp, slik at om ein t.d. har 16 scener kan storyboardet ha 60 bilde. Gruppa har laga manuset i programmet celtx. Ein har laga eit kortfatta samandrag av hendingane i filmen i synopsisen i starten av manuset. Dei 60 bilda i frå storyboardet vart sett saman til ein film og lagt på lydeffektar. Denne såg ein på i lag rett før ein tok utescenene på Sørheim søndag 21. mars.

Bildeutsnitta


Når ein skal ta opp film, kan det vere ein fordel å ha fleire kamera for å kunne dekkje fleire vinklar og eventuelt fleire utsnitt av same scena. På opptaktsstaden brukte ein berre eit kamera, men ein tok opp att same scena fleire gongar med ulike utsnitt. På den måten fekk ein både totalbilde over staden og heilt opp til ultranære bilde av same scena. I filmen er det nytta alle typar utsnitt i meir eller mindre grad.

Utstyret


Under filmopptaket nytta ein eit kamera som var lånt hjå Høgskulen i Volda. Der hadde ein også lånt seg ein JIB/lydbom og ein ekstern mikrofon, men dette utstyret fungerte dessverre ikkje på Sørestranda. Kameraet var av typen PDX 10 med mikrofon, i tillegg hadde ein ein reflektor og fleire digitale fotoapparat. Uttynna ketchup fungerte som blod i "vaskescena".

Filmdagen


Søndag 21. mars var ein fin dag å filme. Snøen, sola og skuggane gjorde at dette vart filming av eit flott vinterlandskap i utescena. Innstillinga av kvitbalansen måtte ein naturlegvis gjere på alle stadane ein gjorde opptak. Grunna kunstig lys i innescenene kunne det lett bli eit raudleg fargestikk. I utescenene ville det lett bli eit blåleg fargestikk. Dette ordna seg i dei fleste høva når vi nytta automatisk innstilling av kvitbalansen. Men solskin førte til at vi måtte regulere kvitbalansen. manuelt i nokre utescener.

Det var også eit poeng for nokre scenar føregjekk i nokre morgontimar med ein hovudrolleinnhavar som ikkje hadde eit klart hovud der han sette seg bak bilrattet. Innescenene kunne meir gjerast til alle døgnets tider. Skulle sola dukke opp på stova, var det berre å trykkje på knappen og rulle ned utemarkisene. Dessutan hadde Siv fått låne ein avansert reflektor med ein kjenning. Dette med å filme mot snø, gjev ein nokre utfordringar sett i høve til skuggar og om sola dukkar opp i snøen, vert det også refleksjonar frå den kjelda....

"Å zoome under opptak virker på de fleste som en mye mer kunstig utvelgelse av bildeutsnitt enn en kjøring der publikum selv kan få en opplevelse av å forflytte seg." (Eriksen, 1993, s 25)
Derfor var filosofien til gruppa å vere forsiktig med zoominga. Under filmprosessen nytta vi også "master shot teknikk" på nokre av scenene, m.a. den scena der "Anders" går ut av bilen og mot "offeret". Også i nachspielscene blei det nytta mastershot. Finn Jacobsen seier dette om mastershot:
"Gjør noenlunde komplette opptak av hele scenen med total- og nærbilder, gjerne fra flere vinkler / med flere deltakere, slik at dere har et stort utvalg bilder i velge blant til klipp senere".(Jacobsen, u.å.)

Redigeringa


Til å redigere filmen har vi nytta programmet VideoPad (http://www.nchsoftware.com/videopad/index.html, Videopad er eit videoredigeringsprogram som man kan både kan kjøpe og bruke gratis) Gratisversjonen har litt mindre funksjoner enn fullversjonen. , som fungerer veldig bra med dei fleste filformater. Dette er gratisversjonen, og derfor er det avegrensa med moglegheiter, men det fungererte veldig bra til vårt bruk. Sjølve grovklippen tok vi på opptaksdagen. Då fekk alle eit godt inntrykk av korleis filmen blei. Ein av oss tok med seg denne råklippen heim og finpussa og la til lyd og musikk. Under denne prosessen fekk vi også høve til å "croppe" nokre opptak, der vi syntes det blei mykje luft over eller ved sidan av skodespelarane. I tillegg valde vi å "croppe" filmen frå 4:3 til 16:9 i storleiksforhold. Musikken blei miksa saman med Aviary Audioeditor (Aviary's Audio Editor kallast Myna, og er ein plattformuavhengig nettapplikasjon som kan nyttas til å mikse saman ulike "sampler" til å lage musikk. http://www.aviary.com), og dei få lydeffektane vi trengte, henta vi frå www.freesound.org (www.freesound.org er ein nettstad der folk kan legge inn eigne lydopptak dei har laga med forskjellige ting. T.d ein mynt som ruller på eit bord, eller ein bil som bråbremsar. Ein må registrere seg for å få tilgang til dette lydbiblioteket.) Begge desse nettstadene har CC lisensar. Til rulleteksten nytta vi eit anna videoredigeringsprogram, Pinnacle Studio 12, då Videopad ikkje hadde denne funksjonen.

"Å klippe film handler ikke om å fjerne "det som ikke skal være med", men om å sette sammen de bitene som skal brukes i en hensiktsmessig rekkefølge." (Eriksen, 1993, s 11).
Derfor gjorde også gruppa nokre endringar undervegs, sett i høve til manus og storyboard, fordi ein såg litt annleis på tinga ute på opptaksstaden, enn ein hadde sett føre seg i "teorien".



Nettsamarbeidet

Gruppa har samarbeidd tett og godt via telefonsamtalar på Skype. Ein har nytta Dropbox, GoogleWave, fellesdokument i Googledokument og gruppestudiebloggen i samband med dette prosjektarbeidet. Sjølv om bilde av badet som skulle nyttast som opptaksstad var lagt i Dropbox, viste ikkje dette godt kor romutforminga eigentleg var. Derfor endra ein litt på scenene sett i høve til manus og storyboard. Samlinga på Høgskulen i midten av mars og ein lang arbeidsdag søndag 21. mars, i tillegg til mykje før- og etterarbeid, har gjeve det resultatet som A3-dokumentet skisserer og filmen Valget viser. Dette har vore eit arbeidsamt prosjekt prega av mykje moro og eit lærerikt filmarbeid!


________________________________________________

Litteraturliste

Eriksen, G (1993): Fortellerteknikk og dramaturgi for film og fjernsyn, 2. utg., Nesbru: Vett og viten

Jacobsen, Finn: (2007): Videologi, Oslo, Amalie forlag

Jacobsen, Finn. (u.å.): videologi.com, [Internett] http://www.videologi.com/lareropptak.htm

Youtubefilm av storyboardet

Her er "storyboard"-filmen. Vi laga denne for å få eit samkøyrt syn på filmen. Eit godt utgangspunkt når ein skal lage ein film.

Blogg om korleis vi har jobba med filmen "Valget"


Gruppa avtalte før vi fekk oppgåva til A3 at vi skulle bruke eit par dagar på å lese gjennom leksjonen og oppgåvelyden. Vi oppretta eit dokument som vart delt med alle gruppemedlemmane, der alle skulle skrive inn sine forslag til kva filmen skulle handle om.

Vi hadde første Skype-møtet onsdag etter at oppgåva vart delt ut. Vi hadde då ein brainstorming over dei ideane som var komt inn, og landa på eit forslag som Morten hadde lagt inn. Vi snakka ein del om kva denne filmen kunne innehalde, og fleire forslag kom inn her. 

Det vart skreve ei novelle til film-forslaget, og på denne måten vart det mykje lettare å utarbeide eit manus. Manus vart skreve inn i Celtx, og utfrå manus skreiv vi ei dreiebok. Her står det detaljert kvar dei enkelte scenene skal spelast inn, og korleis dei forskjellige bildeutsnitta skulle vere. Vi brukte forkortingane:

• UNB. Ultra-nærbilete. Fokus på ein detalj, dømes ei hand eller augo til ein
person.


• NB. Nærbilete. Her er ein nokså nær, men får med ein større heilskap enn ultra-
nærbiletet, slik som heile andletet til personen.

• HNB. Halvnært bilde. Her får ein med enda meir av figurane og litt av

omgjevnaden, slik som halve overkroppen til en person. Om utsnittet omfattar to
personer vert det gjerne kalla eit toskudd.



• HTB. Halvtotalt bilde. Utsnitt omfattar nesten heile figuren, mogleg er litt av
nedste delen ikkje teke med.



• TB. Totalbilde. Her vil heile figurane vera representert i biletet. Totalbilete gjev
òg ei oversikt over miljøet og rommet som figurane befinn seg i.


• UTB. Ultratotalbilde. Her ser ein heile staden eller miljøet. Vert også kalla
stortotal.


Storyboard
På siste samlinga i Volda kom det spørsmål om dette med storyboard, om vi skulle ha med bilete frå heile storyboard som vedlegg i dokumentet. Etter at Egil hadde sett gjennom manuset vårt, såg han at dette kunne bli ca 60 bileter, og kom vel til at dette vart litt mykje. Men Morten har brukt tid på å teikne heile storybordet vårt, og vi synest at det må vi ha med som dokumentasjon. I tillegg laga Morten ein "teiknefilm" av storyboard, som vi såg gjennom før vi skulle spele inn filmen på filmdagen, 21. mars 2010. Det var veldig nyttig å gjere dette, då alle fekk eit inntrykk av korleis filmen ville bli når den var ferdig. Her leste Morten inn all den tale som skulle vere med i filmen. Vi fekk då også sjå kor lang filmen vart. Og valgte å kutte vekk siste scene og det vart også kutta litt inn i mellom her og der også. Lenkje til "teiknefilm av Valget" av storyboard.


Dreiebok
I dreieboka som vi laga til filminnspelinga skreiv vi inn kvar vi skulle filme og kven som skulle filmast. Vi brukte fargekoder i dreieboka. Det som vart skrive i blått i dreieboka, skulle vise kva bevegelsar som var i scena. Det som er skrive i raudt, viser dialog i scena, og det som er skrive i svart, viser kva vi skal filme i kvar enkelt scene og om det skal vere nærbilete, totalbilete osv. I dreieboka har vi også skrive ned kva rekvisita som vi skal ha med til filmen, og kven som skal ha med kva til innspelingsdagen. Dreieboka vart sett inn i ein tabell for å kunne legge teikningane frå storyboard inn i denne. 

Opptaksplan
Vi såg at det kunne vere nyttig å ha ein opptaksplan til filmdagen. Vi skreiv inn kva scener vi skulle spele inn først, kvar dei skulle spelast inn, og ca tidspunkt. Det var nyttig å ha med ein slik opptaksplan der alle scenene var skreve ned, slik at ein slapp å bruke tid på å leite gjennom manus på opptaksstaden for å vere sikker på¨at vi hadde fått med alle scenene som skulle spelast inn på kvar enkelt stad. Vi skreiv også ned kven som skulle filme kvar enkelt scene, og kva rekvisittar som skulle vere med til scenene. Dette vart ikkje gjort heilt etter planen, men alle fekk prøve seg bak filmkamera. 

Redigering
Vi var alle samla i Ørsta den 21. mars. Dette for å spele inn filmen. Vi hadde også sett av søndag 28. mars til å redigere filmen. Det var meininga at vi skulle møtast i Stranda heime med Morten denne dagen, fordi Morten har eit betre redigeringsprogram på ein stasjonær pc heime. Vi vart ferdige med filminnspelinga ca kl 20.00. Så vi var einige om at vi grovklipte filmen saman i Ørsta, og droppa å møtast fysisk den 28. mars. Denne redigeringa gjorde vi i VideoPad. Morten hadde lasta ned musikk, og diverse billydar og anna som vart lagt til etterpå.

Avrunding
Vi hadde vel nokre Skypemøter etter den 21. mars og fram til 28. mars, der vi samarbeida om fellesdokumentet som skal leverast inn. Morten lasta ned filmen i Dropbox slik at vi fekk sjå korleis den vart. No hadde vi komt så langt med arbeidet, at gruppa hadde lyst til å få denne levert før påskeveka starta. Så vi avtalte nytt møte søndag 28. mars på Skype. No var planen å få ferdig dokumentet med alle vedlegga. Og det vart ikkje reint lite :) Vi kom til at det var lurt å legge filmen til storyboardet og bileta som vart tatt under filminnspelinga rett i bloggen, og leggje ei lenkje til dette i dokumentet vårt. På denne måten sparte vi oss også for å gjere arbeidet to gongar, då vi gjerne ville ha desse bileta i bloggen som dokumentasjon på samarbeidet, og arbeidet som vi har lagt ned i denne oppgåva.

Samarbeidet
Gruppa samarbeidar veldig godt, og vi har ikkje problemer med å fordele arbeidsoppgåver slik at alle har noko å gjere. Vi prøvar også å fordele oppgåvene slik at vi kan jobbe med forskjellige arbeidsoppgåver parallelt. Trur vi alle er einige om at vi er heldige som er på gruppe med Morten ;) Dette har han gjort mange gongar før, og er ein god læremeister for oss andre på gruppa.
Publisering
Filmen vart publisert på YouTube. Lenkje til "Valget".
Ein kan velge å sjå filmen fra 360p til 720p i YouTube, så på denne måten kan ein velge å sjå filmen i meget bra kvalitet eller mindre bra kvalitet.

Bilde frå shooting day og frå samlinga på Høgskulen

Sjå bilete frå picasaweb. Sjå Album her: http://picasaweb.google.com/morten.rolfsen/BilderFraFilmskaping#

søndag 7. mars 2010

Digit-talt

Gruppe 2: Erling Sørheim, Morten Rolfsen, Hjørdis Almelid Vikenes og Siv-Mette Møller


Lenke til avisa:
Digit-talt


Innleiande runde


I denne gruppeoppgåva har vi laga ei nettavis som vi har kalt Digit-talt. Vi har brukt Skype som samtalestad og eit googledokument til å finne fellestider for møta våre og andre dokument til å samskrive i. Dette har fungert svært godt. I arbeidet med produksjonen har vi valt å publisere alt ope etter kvart som vi har fått sakene og bilda ferdig. På den måten har vi i samarbeid bearbeidd alle sakene. Vi valde også å la alle journalistane få tilgong som redaktørar, slik at alle fekk lære det same når det gjeld det å redigere og publisere/avpublisere saker.


Lese-runden


Før vi fekk utdelt oppgåve-lyden til A2 vart det laga ein timeplan til arbeidet med A2. I denne timeplanen skulle vi alle skrive inn når vi var tilgjengelege, og når det var mogleg å få til fellesmøter for heile gruppa. Det vart også oppretta eit fellesdokument i Googledocs, der vi kunne skrive inn tankar som vi gjorde undervegs.


Det vart avtalt at vi skulle ha første møtet på onsdag 17. februar, då skulle alle ha lest gjennom leksjonane og oppgåvelyden. Vi skulle også ha gjort oss opp nokre tankar om kva vi såg for oss at vi ville ha med i avisa vår.


Under første nettmøtet vårt på Skype kom det opp fleire idear om kva artiklar vi kunne tenke oss å ha med i avisa vår. Og dei fleste var vel klar for å starte på Feature- og Nyheitsartiklane. Det vart også avtalt at desse skulle vere ferdige og delte med dei andre på gruppa til eit gitt tidspunkt. Dette for at redaktøren skulle få starte å skrive på sin redaktør-artikkel, noko som ikkje ho kunne gjere før alle var ferdige.


Nett-runden


Vi kom alle med eit forslag til namn på nettavisa. Den beste idéen meinte vi var "Digit-talt." Namnet vart laga i bilderedigeringsprogrammet Gimp2, og sett inn som heading. Biletet som vi la bak i header og footer vart også designa i Gimp2. På framsida vår ville vi også ha eit collage-bilete som gav eit visuelt inntrykk av innhaldet i avisa. Denne vart laga med ulike digitale medier. På sidefelta laga vi personleg utforming på både lenkjene til nettavisa, redaktørane og journalistane. Nedst på framsida presenterer vi oss sjølve i både tekst og bilete gjennom slideshow frå Picasaweb. I hovudfeltet på framsida ville vi ha redaktørartikkelen med bilete. Dei andre artiklane ville vi ha klikkbare i høgre marg. Sjølve artiklane i avisa vart laga i skrifttypen "Verdana". Alle brukte samme skrifttype, storleik og blokkjustering. Dette vart gjort for at nettavisa skulle sjå heilheitleg og fin ut. Dei 2 siste artiklane laga vi om til 2-spaltarar for at avisa skulle bli utfylt og komplett.


Arbeids-runden


I arbeidet med avisa, har ein tenkt langs to aksar: Det første var idé-runden med innspel til kva saker ein kunne tenkje seg å skrive. Det andre var omsyna ein måtte ta når det gjeld publisering. Då er det fleire ting som regulerer kva ein kan leggje ut om andre på nett, mellom anna Vær Varsom-plakaten og Redaktørplakaten.


Til collage på framsida av avisa, vart det nytta ei nettside for opphavsklarert materiale. Ellers har vi alle teke bilete til artiklane våre sjølve. Dette for å sleppe å ta omsyn til opphavsrett og slike ting. Det vart innhenta munnleg løyve til å nytte bileta som er teke av born i avisa vår.


Publiserings-runden


Redaktørane delte passord med journalistane slik at alle fekk legge inn sine eigne artiklar. Dette var lærerikt for alle i gruppa, ikkje minst å kunne sjå korleis ein publiserer, og legg inn bilete. Vi tenkte også at om alle skulle gjere dette ved eit seinare høve, var det greit å ha kjennskap til dette. Vi har også valt å gjere det mogleg å dele artiklane på Facebook, slik at vi kanskje treff eit større publikum.


"Avrundingen"


Vi har samarbeidd bra med denne nettavisa og alle føler at dei har lært noko. Det har vore ein lærerrik prosess, der alle har deltatt med ulik kompetanse på dei ulike områda i prosessen, og summen av dette synest vi har blitt bra. I tillegg synest vi at vi har fått god kompetanse til å lage ei nettavis i ein klasse eller på ein skule. Gruppa synest denne avisa kan vere nyttig å lese for andre lærarar, og kanskje andre som kunne vere interessert i korleis digitale media vert nytta i skulen. Vi har gledd oss til Skype-møta og har hatt det både morosamt og utfordrande undervegs. Saman har vi laga eit digitalt uttrykk som vi sjølve synest har vorte bra ut i frå dei digitale dugleikane vi har tileigna oss. Så fell domen over nettavisa i form av ei tilbakemelding frå faglærar. Vi gler oss til å lese kommentaren!