søndag 28. mars 2010

Blogg om korleis vi har jobba med filmen "Valget"


Gruppa avtalte før vi fekk oppgåva til A3 at vi skulle bruke eit par dagar på å lese gjennom leksjonen og oppgåvelyden. Vi oppretta eit dokument som vart delt med alle gruppemedlemmane, der alle skulle skrive inn sine forslag til kva filmen skulle handle om.

Vi hadde første Skype-møtet onsdag etter at oppgåva vart delt ut. Vi hadde då ein brainstorming over dei ideane som var komt inn, og landa på eit forslag som Morten hadde lagt inn. Vi snakka ein del om kva denne filmen kunne innehalde, og fleire forslag kom inn her. 

Det vart skreve ei novelle til film-forslaget, og på denne måten vart det mykje lettare å utarbeide eit manus. Manus vart skreve inn i Celtx, og utfrå manus skreiv vi ei dreiebok. Her står det detaljert kvar dei enkelte scenene skal spelast inn, og korleis dei forskjellige bildeutsnitta skulle vere. Vi brukte forkortingane:

• UNB. Ultra-nærbilete. Fokus på ein detalj, dømes ei hand eller augo til ein
person.


• NB. Nærbilete. Her er ein nokså nær, men får med ein større heilskap enn ultra-
nærbiletet, slik som heile andletet til personen.

• HNB. Halvnært bilde. Her får ein med enda meir av figurane og litt av

omgjevnaden, slik som halve overkroppen til en person. Om utsnittet omfattar to
personer vert det gjerne kalla eit toskudd.



• HTB. Halvtotalt bilde. Utsnitt omfattar nesten heile figuren, mogleg er litt av
nedste delen ikkje teke med.



• TB. Totalbilde. Her vil heile figurane vera representert i biletet. Totalbilete gjev
òg ei oversikt over miljøet og rommet som figurane befinn seg i.


• UTB. Ultratotalbilde. Her ser ein heile staden eller miljøet. Vert også kalla
stortotal.


Storyboard
På siste samlinga i Volda kom det spørsmål om dette med storyboard, om vi skulle ha med bilete frå heile storyboard som vedlegg i dokumentet. Etter at Egil hadde sett gjennom manuset vårt, såg han at dette kunne bli ca 60 bileter, og kom vel til at dette vart litt mykje. Men Morten har brukt tid på å teikne heile storybordet vårt, og vi synest at det må vi ha med som dokumentasjon. I tillegg laga Morten ein "teiknefilm" av storyboard, som vi såg gjennom før vi skulle spele inn filmen på filmdagen, 21. mars 2010. Det var veldig nyttig å gjere dette, då alle fekk eit inntrykk av korleis filmen ville bli når den var ferdig. Her leste Morten inn all den tale som skulle vere med i filmen. Vi fekk då også sjå kor lang filmen vart. Og valgte å kutte vekk siste scene og det vart også kutta litt inn i mellom her og der også. Lenkje til "teiknefilm av Valget" av storyboard.


Dreiebok
I dreieboka som vi laga til filminnspelinga skreiv vi inn kvar vi skulle filme og kven som skulle filmast. Vi brukte fargekoder i dreieboka. Det som vart skrive i blått i dreieboka, skulle vise kva bevegelsar som var i scena. Det som er skrive i raudt, viser dialog i scena, og det som er skrive i svart, viser kva vi skal filme i kvar enkelt scene og om det skal vere nærbilete, totalbilete osv. I dreieboka har vi også skrive ned kva rekvisita som vi skal ha med til filmen, og kven som skal ha med kva til innspelingsdagen. Dreieboka vart sett inn i ein tabell for å kunne legge teikningane frå storyboard inn i denne. 

Opptaksplan
Vi såg at det kunne vere nyttig å ha ein opptaksplan til filmdagen. Vi skreiv inn kva scener vi skulle spele inn først, kvar dei skulle spelast inn, og ca tidspunkt. Det var nyttig å ha med ein slik opptaksplan der alle scenene var skreve ned, slik at ein slapp å bruke tid på å leite gjennom manus på opptaksstaden for å vere sikker på¨at vi hadde fått med alle scenene som skulle spelast inn på kvar enkelt stad. Vi skreiv også ned kven som skulle filme kvar enkelt scene, og kva rekvisittar som skulle vere med til scenene. Dette vart ikkje gjort heilt etter planen, men alle fekk prøve seg bak filmkamera. 

Redigering
Vi var alle samla i Ørsta den 21. mars. Dette for å spele inn filmen. Vi hadde også sett av søndag 28. mars til å redigere filmen. Det var meininga at vi skulle møtast i Stranda heime med Morten denne dagen, fordi Morten har eit betre redigeringsprogram på ein stasjonær pc heime. Vi vart ferdige med filminnspelinga ca kl 20.00. Så vi var einige om at vi grovklipte filmen saman i Ørsta, og droppa å møtast fysisk den 28. mars. Denne redigeringa gjorde vi i VideoPad. Morten hadde lasta ned musikk, og diverse billydar og anna som vart lagt til etterpå.

Avrunding
Vi hadde vel nokre Skypemøter etter den 21. mars og fram til 28. mars, der vi samarbeida om fellesdokumentet som skal leverast inn. Morten lasta ned filmen i Dropbox slik at vi fekk sjå korleis den vart. No hadde vi komt så langt med arbeidet, at gruppa hadde lyst til å få denne levert før påskeveka starta. Så vi avtalte nytt møte søndag 28. mars på Skype. No var planen å få ferdig dokumentet med alle vedlegga. Og det vart ikkje reint lite :) Vi kom til at det var lurt å legge filmen til storyboardet og bileta som vart tatt under filminnspelinga rett i bloggen, og leggje ei lenkje til dette i dokumentet vårt. På denne måten sparte vi oss også for å gjere arbeidet to gongar, då vi gjerne ville ha desse bileta i bloggen som dokumentasjon på samarbeidet, og arbeidet som vi har lagt ned i denne oppgåva.

Samarbeidet
Gruppa samarbeidar veldig godt, og vi har ikkje problemer med å fordele arbeidsoppgåver slik at alle har noko å gjere. Vi prøvar også å fordele oppgåvene slik at vi kan jobbe med forskjellige arbeidsoppgåver parallelt. Trur vi alle er einige om at vi er heldige som er på gruppe med Morten ;) Dette har han gjort mange gongar før, og er ein god læremeister for oss andre på gruppa.
Publisering
Filmen vart publisert på YouTube. Lenkje til "Valget".
Ein kan velge å sjå filmen fra 360p til 720p i YouTube, så på denne måten kan ein velge å sjå filmen i meget bra kvalitet eller mindre bra kvalitet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar