søndag 7. mars 2010

Digit-talt

Gruppe 2: Erling Sørheim, Morten Rolfsen, Hjørdis Almelid Vikenes og Siv-Mette Møller


Lenke til avisa:
Digit-talt


Innleiande runde


I denne gruppeoppgåva har vi laga ei nettavis som vi har kalt Digit-talt. Vi har brukt Skype som samtalestad og eit googledokument til å finne fellestider for møta våre og andre dokument til å samskrive i. Dette har fungert svært godt. I arbeidet med produksjonen har vi valt å publisere alt ope etter kvart som vi har fått sakene og bilda ferdig. På den måten har vi i samarbeid bearbeidd alle sakene. Vi valde også å la alle journalistane få tilgong som redaktørar, slik at alle fekk lære det same når det gjeld det å redigere og publisere/avpublisere saker.


Lese-runden


Før vi fekk utdelt oppgåve-lyden til A2 vart det laga ein timeplan til arbeidet med A2. I denne timeplanen skulle vi alle skrive inn når vi var tilgjengelege, og når det var mogleg å få til fellesmøter for heile gruppa. Det vart også oppretta eit fellesdokument i Googledocs, der vi kunne skrive inn tankar som vi gjorde undervegs.


Det vart avtalt at vi skulle ha første møtet på onsdag 17. februar, då skulle alle ha lest gjennom leksjonane og oppgåvelyden. Vi skulle også ha gjort oss opp nokre tankar om kva vi såg for oss at vi ville ha med i avisa vår.


Under første nettmøtet vårt på Skype kom det opp fleire idear om kva artiklar vi kunne tenke oss å ha med i avisa vår. Og dei fleste var vel klar for å starte på Feature- og Nyheitsartiklane. Det vart også avtalt at desse skulle vere ferdige og delte med dei andre på gruppa til eit gitt tidspunkt. Dette for at redaktøren skulle få starte å skrive på sin redaktør-artikkel, noko som ikkje ho kunne gjere før alle var ferdige.


Nett-runden


Vi kom alle med eit forslag til namn på nettavisa. Den beste idéen meinte vi var "Digit-talt." Namnet vart laga i bilderedigeringsprogrammet Gimp2, og sett inn som heading. Biletet som vi la bak i header og footer vart også designa i Gimp2. På framsida vår ville vi også ha eit collage-bilete som gav eit visuelt inntrykk av innhaldet i avisa. Denne vart laga med ulike digitale medier. På sidefelta laga vi personleg utforming på både lenkjene til nettavisa, redaktørane og journalistane. Nedst på framsida presenterer vi oss sjølve i både tekst og bilete gjennom slideshow frå Picasaweb. I hovudfeltet på framsida ville vi ha redaktørartikkelen med bilete. Dei andre artiklane ville vi ha klikkbare i høgre marg. Sjølve artiklane i avisa vart laga i skrifttypen "Verdana". Alle brukte samme skrifttype, storleik og blokkjustering. Dette vart gjort for at nettavisa skulle sjå heilheitleg og fin ut. Dei 2 siste artiklane laga vi om til 2-spaltarar for at avisa skulle bli utfylt og komplett.


Arbeids-runden


I arbeidet med avisa, har ein tenkt langs to aksar: Det første var idé-runden med innspel til kva saker ein kunne tenkje seg å skrive. Det andre var omsyna ein måtte ta når det gjeld publisering. Då er det fleire ting som regulerer kva ein kan leggje ut om andre på nett, mellom anna Vær Varsom-plakaten og Redaktørplakaten.


Til collage på framsida av avisa, vart det nytta ei nettside for opphavsklarert materiale. Ellers har vi alle teke bilete til artiklane våre sjølve. Dette for å sleppe å ta omsyn til opphavsrett og slike ting. Det vart innhenta munnleg løyve til å nytte bileta som er teke av born i avisa vår.


Publiserings-runden


Redaktørane delte passord med journalistane slik at alle fekk legge inn sine eigne artiklar. Dette var lærerikt for alle i gruppa, ikkje minst å kunne sjå korleis ein publiserer, og legg inn bilete. Vi tenkte også at om alle skulle gjere dette ved eit seinare høve, var det greit å ha kjennskap til dette. Vi har også valt å gjere det mogleg å dele artiklane på Facebook, slik at vi kanskje treff eit større publikum.


"Avrundingen"


Vi har samarbeidd bra med denne nettavisa og alle føler at dei har lært noko. Det har vore ein lærerrik prosess, der alle har deltatt med ulik kompetanse på dei ulike områda i prosessen, og summen av dette synest vi har blitt bra. I tillegg synest vi at vi har fått god kompetanse til å lage ei nettavis i ein klasse eller på ein skule. Gruppa synest denne avisa kan vere nyttig å lese for andre lærarar, og kanskje andre som kunne vere interessert i korleis digitale media vert nytta i skulen. Vi har gledd oss til Skype-møta og har hatt det både morosamt og utfordrande undervegs. Saman har vi laga eit digitalt uttrykk som vi sjølve synest har vorte bra ut i frå dei digitale dugleikane vi har tileigna oss. Så fell domen over nettavisa i form av ei tilbakemelding frå faglærar. Vi gler oss til å lese kommentaren!

1 kommentar:

  1. Det vart vel vel luftige rundar vi laga? Kven er i stand til å slette litt luft under mellomtitlane? Eg klarte ikkje heilt å finne ut av kva kode det var eg då skulle ta vekk i redigeringsmoduset... Men de kan no lære meg det, så kanskje eg klarer å hugse det... I bloggen min gjekk det greit å fjerne overluftigheita! Takk for eit særs godt samarbeid med A2. Eg gler meg til A3. mvh Hjørdis

    SvarSlett