torsdag 13. mai 2010

Sosialt å filme web-bruk



Medlemene i DKL104 gruppe 2 har i dag torsdag 13. mai, på Kristi Himmelfartsdag, komme i mål med den første delen av vårens IKT-eksamen. Vi har laga ein film på fire minutt. Vidare har vi skrive ein eksamensrapport som er godt under 4000 ord, som var maksgrensa.

I samband med filmprosjektet og rapportskrivinga har vi brukt mange timar saman. Vi har stort sett vore samde om vegen vi skulle gå. Det har vore både utfordrande, kjekt, lærerikt, arbeidskrevjande og veldig sosialt å lage ein film om sosial web-bruk. Kanskje var det artigaste med heile seansen at det klaffa så bra med opptaket i Ulsteinvik fredag 30. april. Takk til heile familien Møller som bidrog til at denne filmen vart ein realitet. 

Vi takkar også ektefellene våre for tolmodet dei har vist oss i denne hektiske perioden. Vi har hatt eit godt samarbeid og synest det har vore kjekt å vere høgskulestudentar i mogen alder.

Då attstår framleis ein viktig del av studiet: Munnleg eksamen torsdag 27. mai. Vi ynskjer alle på kullet vårt lukke til med "vårens vakraste eventyr" = les pensumlesinga framover. Takk til Kjell Antvort for inspirasjon, entusiasme, faglege oppdateringar og ikkje minst velvilje. Takk også til dei andre førelesarane våre. Vi har vorte digitalt danna ved Høgskulen i Volda - og vi er stolte av det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar